lørdag 26. november 2011

Gud er for deg - han ønsker å bruke deg og styrke deg ;)

11 For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von. Jer 29.11

Gud har gode tanker om deg og for deg.

Han er for deg og aldri imot deg.

Han gir deg indre styrke.

La ikkje synd få prege deg – tilgjeving = rettferdighet i Jesus Kristus.

Tenk vel om din neste og om deg sjølv.

Gud ønsker å bruke deg.

Gud seier at du er verdifull og at han ønsker å fremme sitt rike gjennom deg.

Gud gir deg kraft og mot.

9 Lat oss ikkje trøytna medan vi gjer det gode! Når tida kjem, skal vi hausta, berre vi ikkje gjev opp. 10 Så lat oss gjera godt mot alle så lenge det er tid, og mest mot vår familie i trua. Gal 6.9-10

23 Bli nye i sjel og sinn! 24 Kled dykk i det nye mennesket, som er skapt etter Guds bilete til eit liv i rettferd og heilagdom i samsvar med sanninga.
25 Legg difor av løgna og snakk sant med kvarandre! For vi er lemer som høyrer kvarandre til. 26 Blir de harme, så synd ikkje, og lat ikkje sola gå ned over vreiden dykkar! 27 Gjev ikkje djevelen rom! 28 Den som stal, skal ikkje lenger stela, men arbeida og gjera noko nyttig med sine eigne hender, så han kan ha noko å gje til dei som treng det.
29 Lat ikkje eit einaste ròte ord koma frå dykkar munn! Sei berre det som godt er, og som tener til oppbygging der det trengst, så det kan bli til velsigning for dei som høyrer på. 30 Gjer ikkje Guds heilage Ande sorg, for Anden er seglet de ber til den dagen de skal friast ut. 31 Ver ikkje harde, hissige og sinte, og hald opp med skrål og spott og all annan vondskap. 32 Ver gode mot kvarandre og vis medkjensle, så de tilgjev kvarandre, liksom Gud har tilgjeve dykk i Kristus. Ef 4.23-32

Ønska dokke ein velsigna søndag! Prekast ;)